Raudt har som kjent alltid vore mot skadelege direktiv frå EU som me får via EØS-avtalen. Dette gjeld enten det er snakk om Datalagringsdirektivet som angriper og bryt ned personvernet, Tenestedirektivet som svekker fagforeiningane og gjer sosial dumping lovleg eller Postdirektivet, som kjem til å tvinge staten å konkurranseutsette posttenestene, som no står på trappene.
Disse direktiva er problematiske kvar for seg. Men eit mye større problem er sjølve EØS-avtala og korleis den blir handsama i Stortinget. For fleirtalet på Stortinget er så ivrige i si støtte til EØS og EU at dei kjem ikkje til å stemme mot noko direktiv uansett kva det har å sei for Noregs befolkning.
For hovudproblemet med EØS-avtala er mangelen på demokrati. Kvifor skal vårt land detaljstyres frå Brussel, frå ein EU-kommisjon og eit mektig byråkrati som ikkje er folkevalt? Vi i Raudt vil sei opp EØS-avtala. Da hevder nokon at dette kjem til å rasere økonomien vår og at EU ikkje vil handle med oss lengre. Men for det første har Noreg gode kort på handa: Me er ein marknad med stor kjøpekraft, vi leverer strøm, olje og gass til EU (varer som dei er avhengige av). For det andre regulerast mykje av verdshandelen gjennom andre avtaler og organ. Og ikkje minst, andre land som ikkje har nokon EØS-avtale klarar fint å handle med EU. Dei aller fleste land i verden har jo heller ingen EØS-avtale…
Det er på tide at vi blir kvitt denne udemokratiske bindinga til EU. Det norske folk har sagt nei til EU to gonger, og det er på tide at politikarane på Stortinget tek ansvar for dette og tenker over kven dei representerar. Det er folkevalte politikarar som skal ta avgjerder og stå til ansvar, ikkje dresskledde menn bak lukka dører!
Høgre snakkar ofte om at «kunnskapen i skulen må aukast». I tillegg høyrer ein flammande skuledebattinnlegg om elevdemokrati og tilrettelegging til den einskilde elev. Ein ting eg ikkje forstår då, er kvifor dei på død og liv absolutt ville innføre dei nasjonale prøvane i 2004. Føremålet med det skal ha vore å måle resultata av Kunnskapsløftet, gjere skulane betre og gje lærarane større moglegheit til å tilrettelegga undervisninga etter kvar enkelt elevs nivå.
I gårsdagens utgåve av BT kunne ein lese at verken elevar eller forskarar meiner at dei nasjonale prøvane har noko for seg. Elevane fordi dei ikkje skjønner poenget med dei. Prøvane tek verdifull undervisningstid, dei tel ikkje på vitnemålet og skulen blir ikkje betre av dei. Forskarane (frå det danske forskingsinstituttet Dansk Clearinghouse, med forskarar frå både Danmark, Noreg og Sverige) har studert nasjonale prøvar gjennom 28 år og kome fram til at ein ikkje oppnår ønska effekt. Naturleg nok kan ein bruke dei til å samanlikne resultat mellom skulane, men det påståtte målet som var å gjere læringa betre blir ikkje nådd. Skulane brukar meir tid på å undervise i dei faga ein har prøvar i og mindre tid på andre fag, dermed går undervisninga i t.d. samfunnsfag på kostnad av pugging til ei nasjonal prøve i norsk.
Høgre snakkar også mykje om elevdemokrati. Innføringa av dei nasjonale prøvane er eit godt døme på at dei stort sett har det i kjeften. I 2005 då prøvane vart innført på vidaregåande nivå var det massiv motstand blant elevane og fleire tusen boikotta prøvane. Til tross for dette og studiar som viser at prøvane virke mot sin hensikt, nemleg å gjere læring betre og lettare, er eit samla Storting framleis for å oppretthalde prøvane.
Raudt har heile tida vore det einaste partiet som har vore kritisk og avvisande til desse prøvane. Me meiner at rikspolitikarane bør ta konsekvensen av eit mislukka prosjekt, og kaste dei nasjonale prøvane i boset, der dei høyrer heime. I staden for dagens kontroll- og dokumentasjonsjag, bør skulen styrast etter pedagogiske prinsipp, av pedagogar. La skulane få økonomi til å kjøpe inn naudsynt utstyr, og la skulane sjølv få velje dei kartleggingsverktya som passar best for å utvikle opplæringa og leggje til rette undervisninga for kvar einskild elev.
For fire år sidan gjorde LO eit godt arbeid i valkampen. Noreg trong ei ny regjering for å redda arbeidsmiljølova og bremsa utviklinga med rasering av dei rettane norske arbeidsfolk har kjempa fram gjennom over hundre år med fagorganisering.
Regjeringa har faktisk fått gjennom ein del viktige, gode saker, som er bra for vanlege folk. Det er bra for kvinner i Noreg at menn ikkje lenger har rett til å kjøpa seg kvinnekroppar gjennom prostitusjon. Det er bra for norske arbeidsfolk at åtaka på arbeidsmiljølova vart reversert, og at regjeringa har hjelpt fagrørsla med å hindra sosial dumping. Det er bra for ungar i arbeidarklassen at det ikkje er fritt fram for å starta private eliteskular for dei rike. Og det er bra for småbarnsforeldre at me nærmar oss full barnehagedekning. At vetoretten i EØS-avtalen i dag faktisk vert vurdert og diskutert som eit reelt alternativ, er òg eit steg i riktig retning.
Men det er òg andre grunnar til at folk røysta på dei såkalla raudgrøne. Mange røysta på SV fordi dei vil at Noreg skal slutta å føra krig i andre land, og føra ein sjølvstendig utanrikspolitikk, ikkje berre dilta etter USA i det bisarre krigseventyret deira i Asia. Mange trudde på lovnadane om å fjerna fattigdommen og retta opp kommuneøkonomien. Mange hadde vel eit håp om at SV skulle få gjennomslag for ein del av skulepolitikken sin. Og mange miljøaktivistar hadde stor tru på at ein med SV og Sp i regjering ville kunna føra ein miljøpolitikk som verkeleg monna.
Mange har vorte skuffa. Med SV som deltakar i regjeringa har ingen på Stortinget representert motstanden mot Noreg og USA si krigføring. Med Kristin Halvorsen som «ansvarleg» finansminister har ikkje kommuneøkonomien fått noko løft utover det som kom av dei gode tidene i verdsøkonomien og industrien, og dei fattigaste er framleis fattige. Med SV og Sp saman med oljefanatikarane i Ap har ikkje miljørørsla hatt nokon som kan tala deira sak. Tvert imot, miljørørsla kan sjå attende på ein periode der det er høgreopposisjonen som har stått i spissen for ein litt mindre dårleg klimapolitikk. Antikrigsrørsla er heilt lamma, sjølv om fleirtalet av det norske folket var mot å delta i okkupasjonen av Afghanistan. Ingen har representert motstanden mot raseringa av folketrygda. Og i skulepolitikken har SV-statsråden tatt over stafettpinnen etter Kristin Clemet, der målet med skulen er å dokumentera og overvaka, ikkje å undervisa og læra.
Eg håpar at regjeringa får halda fram også etter valet. Eg trur at høgresida, dersom dei får fleirtal kan øydeleggja mykje meir for arbeidarklassen i Noreg enn det dei klarte sist dei regjerte. Til dømes kan eg nemna at omgrepet normalarbeidsdag forsvinn (den viktigaste grunnen til at me fekk ny regjering i -05). Alle tiltak mot sosial dumping vert kasta i søppelbøtta. Sjukehus, skular og andre offentlege tenester vil verta privatiserte i aukande grad. Kommunane vil få enno mindre pengar og verta slegne saman under tvang, med dei negative konsekvensane det får for lokaldemokratiet. Når alt dette kjem på toppen av krisa i økonomien, trur eg at mange i arbeidarklassen kan få mykje verre livsvilkår enn dei har i dag.
Men eg synest ikkje regjeringa skal få ein periode til der all opposisjon ligg til høgre. Det fører til at regjeringa må jenka seg mot høgre i skatte- og finanspolitikken. Og det fører til at mange av dei sakene som norske sosialistar, kvinner, arbeidsfolk, ungdom, aktivistar og studentar er opptekne av, aldri kjem fram. Torstein Dahle på Stortinget, med meg som vara, er ein garantist for at også krigsmotstandarane, lokalpolitikarane, EØS-motstandarane, sosialistane, palestinavenene og miljøaktivistane får si røyst representert i stortingsdebatten. Og, for å vera litt optimistisk, eit Raudt over sperregrensa vil i tillegg vera den beste garantien mot eit mørkeblått stortingsfleirtal.
I juli kunne ein lese i BA om Karen Fossheim som ikkje får læreplass som tømrar fordi ho er jente. Ho hadde søkt på seksti ulike jobbar utan hell, og først etter eit stort avisoppslag dukka det opp eit firma som ville tilsetja henne. Ho er ikkje aleine i sin situasjon, og eg veit, som kommande tømrar, kor vanskeleg det er å vere jente på jakt etter ein hardt tiltrengt læreplass i byggjebransjen.
Ikkje berre er det kjønnsdiskriminerande frå byggjebransjen si side, men det er også eit problem at det er krise i byggebransjen og for få læreplassar generelt. Samstundes rustar og forfell offentlege og private bygg og det er stort behov for sosial bustadbygging. Det er mykje arbeid som treng å bli gjort i samfunnet, likevel blir folk som er motiverte gåande utan arbeid. Med ein betre regulert økonomi kunne ein ha brukt folk sine evner på ein meir fornuftig måte enn det ein kan med dagens økonomiske system. Raudt sin draum for framtida er eit samfunn der folk jobbar saman for å få utført dei arbeidsoppgåvene som treng å gjerast.
Vi i Raudt må likevel gjera andre ting enn å drøyma. Vi vil ikkje sitje og sjå på at krisa øydelegg for motiverte jenter. Raudt krev at staten motverkar kjønnsdiskriminering og gjer det meir attraktivt for bedrifter å ta inn lærlingar, mellom anna gjennom desse tiltaka:
-
- Å betale ut lærlingtilskotet til bedriftene på førehand
- Å fjerne arbeidsgjevaravgifta for lærlingar
- Å pålegge offentlege bedrifter å ta inn lærlingar
- Å krevje at bedrifter som får offentlege anbod er godkjente lærebedrifter.
- Å tilføre meir pengar til kommunane slik at dei får råd til naudsynte byggeprosjekt
- Å pålegge kjønnskvotering i yrke med skeiv kjønnsmessig fordeling
Med Raudt på Stortinget vil desse forslaga faktisk bli reist og ikkje berre bli snakka om. Difor er det viktig at du røyster på oss ved valet 14.september!